Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 7:12-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Dersom nokon ber det fram som takkoffer, skal han saman med takkofferet bera fram runde usyra kaker med olje i, usyra flate brød, smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knadd til kaker.

13. I tillegg til kakene skal han bera fram syra brød som offeret sitt saman med takkofferet og fredsofferet.

14. Av offera skal han gje eitt av kvart slag i gåve til Herren. Det skal høyra til den presten som stenkar blodet av fredsofferet på altaret.

15. Kjøtet av eit fredsoffer som er takkoffer, skal etast same dagen som det blir frambore. Ikkje noko av det må bli liggjande til neste morgon.

16. Dersom slaktofferet hans er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer, skal det etast same dagen som det blir frambore. Men det som blir att, kan etast dagen etter.

17. Dersom det enno er noko att av offerkjøtet tredje dagen, skal det brennast opp.

18. Men dersom nokon likevel et av fredsofferkjøtet tredje dagen, vil ikkje Gud ha glede i han som har ofra det, og det blir ikkje tilrekna han. Det er ureint, og den som et av det, fører skuld over seg.

19. Offerkjøt som rører ved noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast opp. Når det gjeld anna kjøt, kan alle som er reine, eta slikt kjøt.

20. Men ein person som et kjøt av Herrens fredsoffer med ureinskap på seg, skal støytast ut frå folket sitt.

21. Når ein person rører ved noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og motbydeleg, og han så et kjøt av Herrens fredsoffer, då skal han støytast ut frå folket sitt.

22. Herren sa til Moses:

23. Sei til israelittane:De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.

24. Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan brukast til kva som helst, men de må aldri eta det.

25. For kvar den som et feittet av dyr som det blir ofra gåveoffer av til Herren, skal støytast ut frå folket sitt.

26. Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur.

27. Kvar den som et noko slag blod, skal støytast ut frå folket sitt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 7