Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 7:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er lova om skuldofferet, høgheilagt er det:

2. På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal presten stenka rundt om på altaret,

3. og alt feittet skal han ofra: feitthalen, feittet som dekkjer innvolane,

4. begge nyrene med feittet som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.

5. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer til Herren. Dette er skuldofferet.

6. Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.

7. Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det.

8. Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram.

9. Kvart grødeoffer som blir baka i omn, kokt i gryte eller steikt på helle, skal høyra til den presten som ber dei fram.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 7