Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 4:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og bein, innvolar og mageinnhald,

12. heile oksen, skal han ta ut av leiren til ein rein stad, der dei tømmer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømmer offeroska, skal han brennast.

13. Det kan henda at heile Israels forsamling syndar av vanvare og gjer noko som eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg utan at forsamlinga er klar over saka.

14. Då skal forsamlinga, når synda blir kjend, ofra ein ung okse til syndoffer. Dei skal koma til teltheilagdomen med han,

15. dei eldste i forsamlinga skal leggja hendene på hovudet til oksen for Herrens andlet, og så skal dei slakta oksen for Herrens andlet.

16. Den salva presten skal bera noko av okseblodet inn i teltheilagdomen.

17. Presten skal dyppa fingeren i blodet og skvetta noko av det sju gonger framfor forhenget, for Herrens andlet.

18. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen.

19. Alt feittet skal han ta ut or oksen og la gå opp i røyk på altaret.

20. Som han gjorde med den første syndofferoksen, slik skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei så dei får tilgjeving.

21. Han skal føra oksen ut av leiren og brenna han, slik han brende den første oksen. Dette er syndofferet for forsamlinga.

22. Det kan henda at ein leiar syndar av vanvare, gjer noko eitt av boda til Herren hans Gud forbyr, og slik fører skuld over seg,

23. eller at han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ein feilfri geitebukk som offergåve.

24. Han skal leggja handa på hovudet til bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens andlet. Dette er eit syndoffer.

25. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 4