Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 27:26-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Det som er førstefødd i buskapen, må ingen helga. Fordi det er førstefødd, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.

27. Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Blir dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.

28. Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til.

29. Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal døy.

30. All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren.

31. Men skulle nokon ønskja å løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel.

32. All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjetarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigd til Herren.

33. Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Men skulle det likevel bli bytt i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre vera heilage. Dei kan ikkje løysast.

34. Dette er boda til israelittane som Herren gav Moses på Sinai-fjellet.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 27