Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 26:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Eg vil venda meg til dykk og gjera dykk fruktbare og talrike; eg vil stå ved mi pakt med dykk.

10. De skal eta det gamle kornet heilt til de må rydda det bort så de får plass til det nye.

11. Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha avsky for dykk.

12. Eg vil ferdast midt mellom dykk. Eg skal vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.

13. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt så de ikkje skulle vera slavar for dei. Eg braut sund stengene på åket dykkar, og eg lét dykk gå rake.

14. Men om de ikkje vil høyra på meg og halda alle desse boda,

15. om de vanvørder forskriftene mine og har avsky for lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt,

16. då skal eg for min del gjera dette mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så auga sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så kornet dykkar; fiendane dykkar skal eta det.

17. Eg vil venda meg mot dykk, og de skal bli slegne av fienden. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal rømma om ingen er etter dykk.

18. Om de likevel ikkje høyrer på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

19. Eg knuser den stolte makta dykkar. Himmelen over dykk lèt eg bli som jern og jorda under dykk som bronse.

20. De skal bruka opp kreftene til inga nytte, for landet dykkar skal ikkje gje si grøde, og trea i landet skal ikkje bera frukt.

21. Om de set dykk opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

22. Eg sender ville dyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane dykkar blir aude.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 26