Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Du skal ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv etter førre hausten, og du skal ikkje plukka druer på ein ustelt vinstokk. Det skal vera sabbatsår for landet.

6. Det som landet sjølv ber fram i sabbatsåret, skal vera til føde for dykk, for deg og slaven din og slavekvinna di, for dei framande som arbeider eller bur hos deg,

7. for buskapen din og for dei ville dyra i landet. All denne grøda skal de ha å eta.

8. Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år.

9. Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.

10. De skal halda det femtiande året heilagt og ropa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom og kvar til si slekt.

11. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vinstokkar.

12. For det er eit frigjevingsår; det skal vera heilagt for dykk. De kan eta det som marka sjølv ber fram.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25