Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:47-55 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

47. Det kan henda at ein innflyttar eller framand hos deg får god råd, medan bror din som bur nær han, blir så fattig at han må selja seg til denne innflyttaren eller denne framande, eller til ein som er av innflyttarslekt.

48. Då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans kan løysa han ut,

49. eller ein onkel, ein fetter eller ein annan av hans eige kjøt og blod. Får han råd, kan han gjera det sjølv.

50. Då skal han og den som har kjøpt han, saman rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hos han.

51. Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri.

52. Men er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra.

53. Han skal vera som ein leigekar hos han år for år. Du må ikkje tola at den framande er som ein hard herskar mot han.

54. Men blir han ikkje lauskjøpt på denne måten, så blir han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans.

55. For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar som eg har ført ut frå Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25