Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:34-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Beitemarkene omkring byane deira må ikkje seljast; dei er deira eigedom for alle tider.

35. Når bror din blir så fattig at han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hos deg.

36. Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg.

37. Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.

38. Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut frå Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.

39. Når bror din blir så fattig at han må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera slavearbeid.

40. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hos deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.

41. Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, fara heim att til slekta og koma tilbake til eigedomen til fedrane sine.

42. For dei er mine tenarar, som eg har ført ut frå Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel slavar.

43. Du skal ikkje vera som ein hard herskar mot han; du skal frykta din Gud.

44. Vil du få deg ein slave eller ei slavekvinne, skal de kjøpa dei av folkeslaga som bur rundt ikring dykk.

45. Like eins kan de kjøpa slavar av dei framande som held til hos dykk, og av etterkomarane deira som bur hos dykk og er fødde i landet. De kan eiga dei,

46. og de kan la dei gå i arv til borna dykkar etter dykk, så dei kan eiga dei for all tid. De kan bruka dei til slavar. Men blant brørne dine, israelittane, må ingen vera som ein hard herskar mot andre.

47. Det kan henda at ein innflyttar eller framand hos deg får god råd, medan bror din som bur nær han, blir så fattig at han må selja seg til denne innflyttaren eller denne framande, eller til ein som er av innflyttarslekt.

48. Då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans kan løysa han ut,

49. eller ein onkel, ein fetter eller ein annan av hans eige kjøt og blod. Får han råd, kan han gjera det sjølv.

50. Då skal han og den som har kjøpt han, saman rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hos han.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25