Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:28-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Men får han ikkje råd til å kjøpa henne tilbake, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Men i frigjevingsåret blir ho fri, og då kan han koma tilbake til eigedomen sin.

29. Når nokon sel eit bustadhus i ein by med murar omkring, gjeld løysingsretten berre for ei tid. Han har rett til å løysa inn huset innan eitt år etter salet.

30. Men blir det ikkje innløyst før utgangen av året, skal huset som ligg i ein by med murar omkring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for all framtid. Det blir ikkje fritt i frigjevingsåret.

31. Men husa i landsbyar utan murar ikring skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret blir dei frie.

32. Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom.

33. Om ein av levittane løyser inn det huset han har selt i byen der han har eigedom, blir det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.

34. Beitemarkene omkring byane deira må ikkje seljast; dei er deira eigedom for alle tider.

35. Når bror din blir så fattig at han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hos deg.

36. Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg.

37. Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.

38. Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut frå Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.

39. Når bror din blir så fattig at han må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera slavearbeid.

40. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hos deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.

41. Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, fara heim att til slekta og koma tilbake til eigedomen til fedrane sine.

42. For dei er mine tenarar, som eg har ført ut frå Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel slavar.

43. Du skal ikkje vera som ein hard herskar mot han; du skal frykta din Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25