Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:24-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. I heile det landet de eig, skal de gje høve til innløysing av jord.

25. Når bror din blir så fattig at han må selja noko av eigedomen sin, skal den løysingsmannen som er nærast, koma og løysa inn det som broren har selt.

26. Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan løysa inn,

27. skal han ikkje ta med dei åra som har gått sidan han selde. Han skal gje kjøparen betaling for den tida som er att, og så kan han koma tilbake til eigedomen sin.

28. Men får han ikkje råd til å kjøpa henne tilbake, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Men i frigjevingsåret blir ho fri, og då kan han koma tilbake til eigedomen sin.

29. Når nokon sel eit bustadhus i ein by med murar omkring, gjeld løysingsretten berre for ei tid. Han har rett til å løysa inn huset innan eitt år etter salet.

30. Men blir det ikkje innløyst før utgangen av året, skal huset som ligg i ein by med murar omkring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for all framtid. Det blir ikkje fritt i frigjevingsåret.

31. Men husa i landsbyar utan murar ikring skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret blir dei frie.

32. Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom.

33. Om ein av levittane løyser inn det huset han har selt i byen der han har eigedom, blir det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.

34. Beitemarkene omkring byane deira må ikkje seljast; dei er deira eigedom for alle tider.

35. Når bror din blir så fattig at han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hos deg.

36. Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25