Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. I dette frigjevingsåret skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom.

14. Når du sel noko til ein landsmann eller kjøper noko av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.

15. Du skal betala han etter talet på år sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på år du kan hausta grøda.

16. Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.

17. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre, men du skal frykta din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18. De skal følgja forskriftene mine og halda lovene mine så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.

19. Landet skal gje si grøde så de kan eta dykk mette og bu trygt der.

20. Det kan henda at de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?»

21. Men eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år.

22. Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til det niande året, heilt til grøda kjem, skal de ha gammalt korn å eta.

23. Jord må ikkje seljast for all framtid. For landet er mitt, og de er framande og innflyttarar hos meg.

24. I heile det landet de eig, skal de gje høve til innløysing av jord.

25. Når bror din blir så fattig at han må selja noko av eigedomen sin, skal den løysingsmannen som er nærast, koma og løysa inn det som broren har selt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25