Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vinstokkar.

12. For det er eit frigjevingsår; det skal vera heilagt for dykk. De kan eta det som marka sjølv ber fram.

13. I dette frigjevingsåret skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom.

14. Når du sel noko til ein landsmann eller kjøper noko av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.

15. Du skal betala han etter talet på år sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på år du kan hausta grøda.

16. Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.

17. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre, men du skal frykta din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18. De skal følgja forskriftene mine og halda lovene mine så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.

19. Landet skal gje si grøde så de kan eta dykk mette og bu trygt der.

20. Det kan henda at de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?»

21. Men eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år.

22. Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til det niande året, heilt til grøda kjem, skal de ha gammalt korn å eta.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25