Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses på Sinai-fjellet:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet halda sabbat for Herren.

3. Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vinstokkane og samla inn grøda i landet.

4. Men i det sjuande året skal det vera sabbat, eit kvileår for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller skjera vinstokkane dine.

5. Du skal ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv etter førre hausten, og du skal ikkje plukka druer på ein ustelt vinstokk. Det skal vera sabbatsår for landet.

6. Det som landet sjølv ber fram i sabbatsåret, skal vera til føde for dykk, for deg og slaven din og slavekvinna di, for dei framande som arbeider eller bur hos deg,

7. for buskapen din og for dei ville dyra i landet. All denne grøda skal de ha å eta.

8. Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år.

9. Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25