Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 23:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dette er Herrens høgtider, dei fastsette tidene då de skal kalla inn til heilage samlingar.

5. Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for Herren.

6. Og den femtande dagen i same månaden er det høgtida med usyra brød for Herren. I sju dagar skal de eta usyra brød.

7. Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

8. Alle sju dagane skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det første kornbandet de har skore.

11. Han skal svinga det for Herrens andlet så de kan vinna velvilje. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.

12. Den dagen de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer for Herren

13. og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels mål fint mjøl blanda med olje. Det er eit gåveoffer for Herren til godange. Drikkofferet skal vera ein fjerdedels hin vin.

14. De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram offergåva til dykkar Gud. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

15. Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 23