Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 23:31-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

32. Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.

33. Herren sa til Moses:

34. Tal til israelittane og sei: Frå den femtande dagen i denne sjuande månaden skal de halda lauvhyttefest for Herren i sju dagar.

35. Den første dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

36. Sju dagar skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram gåveoffer for Herren. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid.

37. Dette er Herrens høgtider då de skal kalla inn til heilage samlingar. De skal bera fram gåveoffer for Herren, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til.

38. I tillegg kjem Herrens sabbatar, gåvene og lovnadsoffera dykkar og dei frivillige offera som de gjev Herren.

39. Merk dykk den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet. Då skal de feira Herrens høgtid i sju dagar. Den første dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.

40. Den første dagen skal de ta frukt av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og av piletre ved bekkene, og de skal gleda dykk i sju dagar for Herren dykkar Guds andlet.

41. Kvart år skal de feira høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter. I den sjuande månaden skal de feira denne høgtida.

42. Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde i Israel, skal bu i lauvhytter,

Les hele kapitlet 3. Mosebok 23