Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 23:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Same dagen skal de kalla inn til samling, ei heilag samling skal det vera for dykk. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

22. Når de haustar inn kornet i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka inn. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

23. Herren sa til Moses:

24. Tal til israelittane og sei: Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.

25. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram gåveoffer for Herren.

26. Herren sa til Moses:

27. Merk dykk den tiande dagen i denne sjuande månaden, soningsdagen. Det skal vera ei heilag samling for dykk, de skal audmjuka dykk og bera fram gåveoffer for Herren.

28. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk for Herren dykkar Guds andlet.

29. Kvar den som ikkje audmjukar seg den dagen, skal støytast ut frå folket sitt.

30. Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg rydda ut av folket.

31. De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

32. Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 23