Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22:22-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av byllar, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja gåveoffer av slike dyr på altaret for Herren.

23. Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som frivillig offer, men som eit lovnadsoffer blir det ikkje teke imot med velvilje.

24. Dyr som har fått testiklane klemde eller knuste, rivne eller skorne, skal de ikkje ofra til Herren. Slikt må de ikkje gjera i dykkar land.

25. Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat for dykkar Gud. Dei er skadde; det er ein feil på dei. De kan ikkje vinna velvilje ved dei.

26. Herren sa til Moses:

27. Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei følgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen blir dei mottekne med velvilje som gåveoffer for Herren.

28. De skal ikkje slakta storfeet og småfeet saman med ungane deira same dagen.

29. Når de slaktar eit takkoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.

30. De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det bli liggjande til morgonen etter. Eg er Herren.

31. Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.

32. Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg skal haldast heilag mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk.

33. Det var eg som førte dykk ut frå Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 22