Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men når ein prest kjøper ein slave som sin eigedom for pengar, då kan slaven eta av det heilage; dei som er fødde i huset hans, kan eta av maten hans.

12. Når ei prestedotter gifter seg med ein uvigsla, må ho ikkje eta av dei heilage offergåvene.

13. Men blir ho enkje eller fråskild og ikkje har born, og ho så kjem tilbake til farshuset sitt, då kan ho eta av maten hans som då ho var ung. Men ingen uvigsla må eta av den maten.

14. Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han betala presten for det heilage og leggja til ein femtedel.

15. Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren,

16. og føra synd og skuld over folket ved å la dei eta dei heilage gåvene. For eg er Herren, som helgar dei.

17. Herren sa til Moses:

18. Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer dei ber fram for Herren som brennoffer,

19. må det vera slik at de kan vinna velvilje: Det skal vera eit feilfritt hanndyr av storfeet, sauene eller geitene.

20. Noko som har ein feil, må de ikkje ofra, for noko slikt vil ikkje gje dykk velvilje.

21. Når nokon ber fram for Herren eit fredsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit frivillig offer, då må det vera eit feilfritt dyr om det skal vinna velvilje. Det må ikkje finnast feil på dyret.

22. De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av byllar, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja gåveoffer av slike dyr på altaret for Herren.

23. Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som frivillig offer, men som eit lovnadsoffer blir det ikkje teke imot med velvilje.

24. Dyr som har fått testiklane klemde eller knuste, rivne eller skorne, skal de ikkje ofra til Herren. Slikt må de ikkje gjera i dykkar land.

25. Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat for dykkar Gud. Dei er skadde; det er ein feil på dei. De kan ikkje vinna velvilje ved dei.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 22