Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22:10-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Ingen uvigsla skal eta det som er heilagt. Den som held til hos presten eller er leigekar hos han, skal ikkje eta det som er heilagt.

11. Men når ein prest kjøper ein slave som sin eigedom for pengar, då kan slaven eta av det heilage; dei som er fødde i huset hans, kan eta av maten hans.

12. Når ei prestedotter gifter seg med ein uvigsla, må ho ikkje eta av dei heilage offergåvene.

13. Men blir ho enkje eller fråskild og ikkje har born, og ho så kjem tilbake til farshuset sitt, då kan ho eta av maten hans som då ho var ung. Men ingen uvigsla må eta av den maten.

14. Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han betala presten for det heilage og leggja til ein femtedel.

15. Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren,

16. og føra synd og skuld over folket ved å la dei eta dei heilage gåvene. For eg er Herren, som helgar dei.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 22