Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 21:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Prestane skal ikkje klippa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.

6. Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet til sin Gud, for dei ber fram Herrens gåveoffer til mat for sin Gud. Difor skal dei vera heilage.

7. Ingen av dei må gifta seg med ei kvinne som er prostituert eller vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som er skild frå mannen sin. For presten er heilag for sin Gud.

8. Og du skal halda han heilag; han ber fram mat for din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg, Herren, som helgar dykk, er heilag.

9. Når ei prestedotter vanhelgar seg med prostitusjon, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.

10. Den som er øvsteprest mellom brørne sine, han som har fått salvingsoljen helt over hovudet, er innsett i tenesta og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda.

11. Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong for sin eigen far eller si eiga mor skal han gjera seg urein.

12. Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han er innvigd ved sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.

13. Den kvinna han gifter seg med, må vera jomfru;

14. han må ikkje ta ei kvinne som er enkje, fråskild, vanæra eller prostituert. Berre ei jomfru av sitt eige folk skal han ta til kone,

15. så han ikkje skal vanhelga etterkomarane sine i folket. For eg er Herren, som helgar han.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 21