Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 21:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: Tal til prestane, Arons søner, og sei til dei: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra ved eit lik,

2. om det då ikkje gjeld ein nær slektning: mor, far, son, dotter eller bror.

3. Ei syster som er jomfru og ikkje har fått nokon mann, kan han òg gjera seg urein ved når han er næraste slektningen.

4. Ein gift mann må ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine så han vanhelgar seg sjølv.

5. Prestane skal ikkje klippa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.

6. Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet til sin Gud, for dei ber fram Herrens gåveoffer til mat for sin Gud. Difor skal dei vera heilage.

7. Ingen av dei må gifta seg med ei kvinne som er prostituert eller vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som er skild frå mannen sin. For presten er heilag for sin Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 21