Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 20:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Når nokon forbannar far sin eller mor si, skal han døy. Han har forbanna far sin eller mor si. Hans blod kjem over han sjølv.

10. Ein mann som bryt ekteskapet med ei kvinne, ein som bryt ekteskapet med kona til nesten sin, skal døy. Det gjeld både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.

11. Ein som ligg med kona til far sin, avdekkjer nakenskapen til far sin. Dei skal begge døy. Deira eige blod kjem over dei.

12. Når ein mann ligg med sonekona si, skal begge døy. Dei har gjort ei motbydeleg gjerning. Deira eige blod kjem over dei.

13. Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har begge gjort noko avskyeleg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.

14. Ein mann som tek ei kvinne og mor hennar til kone, handlar skamlaust. Dei skal brennast, både han og dei. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.

15. Ein mann som har samleie med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa.

16. Ei kvinne som kjem nær eit dyr og parar seg med det, skal du drepa, dyret òg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.

17. Når ein mann gifter seg med syster si, dotter til far sin eller mor si, og dei ser kvarandre nakne, då er det ei skam. Dei skal støytast ut for auga på landsmennene sine. Han har kledd syster si naken. Han har ført skuld over seg.

18. Når ein mann ligg med ei kvinne som har menstruasjon, kler han henne naken og blottar kjelda hennar, og ho har sjølv blotta blodkjelda si. Dei skal begge støytast ut frå folket sitt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 20