Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 20:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Sei til israelittane: Er det nokon av israelittane eller av innflyttarane i Israel som gjev eit av borna sine til Molok, skal han døy. Folket i landet skal steina han.

3. Eg vil venda meg mot den mannen og støyta han ut frå folket. For han har gjeve barnet sitt til Molok. Slik har han gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn.

4. Men dersom folket i landet skulle lata att auga for at mannen gjev barnet sitt til Molok, og dei ikkje drep han,

5. då vil eg venda meg mot han og slekta hans. Eg vil støyta han ut frå folket, både han og alle dei som like eins driv hor og renner etter Molok.

6. Den som vender seg til gjenferd og spådomsånder, driv hor og held seg til dei, vil eg venda meg mot og støyta ut frå folket.

7. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud.

8. De skal halda forskriftene mine og leva etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk.

9. Når nokon forbannar far sin eller mor si, skal han døy. Han har forbanna far sin eller mor si. Hans blod kjem over han sjølv.

10. Ein mann som bryt ekteskapet med ei kvinne, ein som bryt ekteskapet med kona til nesten sin, skal døy. Det gjeld både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.

11. Ein som ligg med kona til far sin, avdekkjer nakenskapen til far sin. Dei skal begge døy. Deira eige blod kjem over dei.

12. Når ein mann ligg med sonekona si, skal begge døy. Dei har gjort ei motbydeleg gjerning. Deira eige blod kjem over dei.

13. Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har begge gjort noko avskyeleg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.

14. Ein mann som tek ei kvinne og mor hennar til kone, handlar skamlaust. Dei skal brennast, både han og dei. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 20