Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 20:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Ei kvinne som kjem nær eit dyr og parar seg med det, skal du drepa, dyret òg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.

17. Når ein mann gifter seg med syster si, dotter til far sin eller mor si, og dei ser kvarandre nakne, då er det ei skam. Dei skal støytast ut for auga på landsmennene sine. Han har kledd syster si naken. Han har ført skuld over seg.

18. Når ein mann ligg med ei kvinne som har menstruasjon, kler han henne naken og blottar kjelda hennar, og ho har sjølv blotta blodkjelda si. Dei skal begge støytast ut frå folket sitt.

19. Du skal ikkje kle syster til mor di eller far din naken. For det er å blotta ein nær slektning. Dei har ført skuld over seg.

20. Ein mann som ligg med tanta si, avdekkjer nakenskapen til onkelen sin. Dei må bera synda si. Dei skal døy barnlause.

21. Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ureinskap. Han har avdekt nakenskapen til bror sin. Dei skal bli barnlause.

22. De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Då skal det ikkje spy dykk ut, det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i.

23. Følg ikkje forskriftene til dei folkeslaga som eg driv ut for dykk! Dei gjer alt dette, og eg avskyr dei.

24. Men til dykk har eg sagt: De skal ta landet deira, og eg vil gje det til dykk for at de skal ta det i eige, eit land som fløymer med mjølk og honning. Eg er Herren dykkar Gud, som har skilt dykk ut frå folka.

25. De skal skilja mellom reine og ureine dyr og mellom ureine og reine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve motbydelege med å eta dei dyra eller fuglane eller krypdyra som eg har skilt ut som ureine for dykk.

26. De skal vera heilage for meg, for eg, Herren, er heilag, og eg har skilt dykk ut frå folka for at de skal høyra meg til.

27. Når ein mann eller ei kvinne har eit gjenferd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy. Dei skal steinast. Deira eige blod kjem over dei.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 20