Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 19:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. På vinmarka skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller plukka dei som er neddotne. Du skal la dei vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

11. De skal ikkje stela, og de skal ikkje lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmenn.

12. De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet til din Gud. Eg er Herren.

13. Du skal ikkje undertrykkja nesten din eller røva noko frå han. Du skal ikkje la løna til ein dagarbeidar liggja natta over hos deg.

14. Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja ein snublestein i vegen for den som er blind. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.

15. De skal ikkje gjera urett når de dømmer. Du skal ikkje halda med den svake parten og ikkje ta parti for den mektige. Du skal dømma landsmannen din rettferdig.

16. Du skal ikkje gå omkring og baktala ditt eige folk. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren.

17. Du skal ikkje bera hat til bror din i hjartet, men du skal tala landsmannen din til rette, så du ikkje fører synd over deg for hans skuld.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 19