Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 18:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Ingen må koma nær nokon av sitt eige kjøt og blod for å kle dei nakne. Eg er Herren.

7. Du skal ikkje kle far din eller mor di naken. Ho er mor di; du skal ikkje kle henne naken.

8. Du skal ikkje kle kona til far din naken; nakenskapen hennar høyrer far din til.

9. Du skal ikkje kle syster di naken, anten ho er dotter til far din eller til mor di, anten ho er fødd heime eller ute.

10. Du skal ikkje kle sonedotter di eller dotterdotter di naken, for det ville føra skam over deg sjølv.

11. Du skal ikkje kle dotter til kona til far din naken, ho som òg er dotter til far din. Ho er syster di.

12. Du skal ikkje kle syster til far din naken. Ho er i nær slekt med han.

13. Du skal ikkje kle syster til mor di naken. Ho er i nær slekt med henne.

14. Du skal ikkje kle farbror din naken. Kona hans må du ikkje koma nær, ho er tanta di.

15. Du skal ikkje kle svigerdotter di naken. Ho er kona til son din. Du skal ikkje kle henne naken.

16. Du skal ikkje kle kona til bror din naken; nakenskapen hennar høyrer bror din til.

17. Du skal ikkje kle både ei kvinne og dotter hennar nakne. Du skal ikkje ta sonedotter eller dotterdotter hennar og kle dei nakne, dei er av same kjøt og blod som henne. Det er skamlaus gjerning.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 18