Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 18:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Mine lover skal de halda, og mine forskrifter skal de akta på, så de følgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud.

5. De skal halda forskriftene og lovene mine. Det mennesket som lever etter dei, skal ha liv ved dei. Eg er Herren.

6. Ingen må koma nær nokon av sitt eige kjøt og blod for å kle dei nakne. Eg er Herren.

7. Du skal ikkje kle far din eller mor di naken. Ho er mor di; du skal ikkje kle henne naken.

8. Du skal ikkje kle kona til far din naken; nakenskapen hennar høyrer far din til.

9. Du skal ikkje kle syster di naken, anten ho er dotter til far din eller til mor di, anten ho er fødd heime eller ute.

10. Du skal ikkje kle sonedotter di eller dotterdotter di naken, for det ville føra skam over deg sjølv.

11. Du skal ikkje kle dotter til kona til far din naken, ho som òg er dotter til far din. Ho er syster di.

12. Du skal ikkje kle syster til far din naken. Ho er i nær slekt med han.

13. Du skal ikkje kle syster til mor di naken. Ho er i nær slekt med henne.

14. Du skal ikkje kle farbror din naken. Kona hans må du ikkje koma nær, ho er tanta di.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 18