Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 18:23-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Du skal ikkje ha samleie med eit dyr av noko slag og gjera deg urein ved det. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er motbydeleg.

24. Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk, har gjort seg ureine med alt dette.

25. Landet har vorte ureint. Eg straffa det for synda så landet spydde ut dei som budde der.

26. Men de skal halda forskriftene og lovene mine og ikkje gjera nokon av desse avskyelege gjerningane, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der.

27. For dei som budde i landet før dykk, gjorde alle desse avskyelege gjerningane, og landet vart ureint.

28. Då må ikkje landet spy dykk ut fordi de gjer det ureint, slik det har spydd ut det folkeslaget som var der før dykk.

29. For alle som gjer noko av dette som er avskyeleg, skal støytast ut frå folket sitt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 18