Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 15:17-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.

18. Og når ein mann ligg med ei kvinne og det går sæd frå han, skal begge vaska seg i vatn; dei er ureine heilt til kvelds.

19. Når ei kvinne har utflod og utfloda er blod frå kroppen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds.

20. Alt det ho ligg på medan ho har menstruasjon, blir ureint, og alt det ho sit på, blir ureint.

21. Den som kjem nær senga hennar, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

22. Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

23. Ligg det eit eller anna der ho har lege eller sete, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds.

24. Skulle no ein mann liggja med henne, blir han urein av menstruasjonen hennar i sju dagar. Alt det han ligg på, blir ureint.

25. Når ei kvinne har utflod slik at ho blør i mange dagar utan at det er tida for menstruasjonen hennar, eller menstruasjonen varer i lengre tid enn normalt, då er ho urein så lenge ho har utflod. Ho skal vera urein som ved menstruasjon.

26. Alt det ho ligg på medan utfloda varer, blir som det ho ligg på når ho har menstruasjon. Og alt det ho sit på, blir ureint, som ureinskapen ved menstruasjon.

27. Den som kjem nær det, blir urein. Han skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

28. Når ho blir rein etter utfloda, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein.

29. Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til inngangen til teltheilagdomen.

30. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens andlet etter den ureine utfloda.

31. De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 15