Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 15:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når ein mann har utflod frå kroppen, er utfloda urein.

3. På grunn av utfloda hans skal dette reknast som ureinskap: Anten utfloda renn frå kjønnslemen hans eller lemen er tetna til av utfloda, så er dette ureinskap.

4. Alt han ligg på og alt han sit på, blir ureint.

5. Den som kjem nær senga hans, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

6. Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

7. Den som kjem nær kroppen til den som har utflod, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

8. Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

9. Kvar ridesal som den som har utflod, sit på, blir urein.

10. Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

11. Kjem den som har utflod, nær nokon utan at han først har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.

12. Kjem den som har utflod, nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.

13. Når den som har utflod, er vorten rein etter utfloda, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og kroppen i friskt vatn. Så er han rein.

14. Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen, og gje dei til presten.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 15