Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:9-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. På den sjuande dagen skal han barbera alt håret sitt, hovudet, skjegget og augnebryna, alt håret skal han barbera av seg. Og han skal vaska kleda sine og seg sjølv i vatn. Då er han rein.

10. Den åttande dagen skal han ta to feilfrie vêrlam og eit årsgammalt, feilfritt holam og til grødeoffer tre tiandedels mål fint mjøl blanda med olje, og så ein log olje.

11. Presten som står for reinsinga, skal føra den som skal reinsast og offergåvene hans fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen.

12. Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet.

13. Han skal slakta lammet på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For det er med skuldofferet som med syndofferet: Det høyrer presten til. Det er høgheilagt.

14. Presten skal ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

15. Presten skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,

16. dyppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens andlet.

17. Noko av den oljen som er att i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.

18. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet.

19. Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som skal reinsast for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet.

20. Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.

21. Men er det ein fattig mann som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit vêrlam til skuldoffer. Det skal svingast til soning for han. Saman med det skal han ta ein tiandedels mål fint mjøl blanda med olje til grødeoffer, og ein log olje,

22. og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera til syndoffer og den andre til brennoffer.

23. Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han koma med desse offergåvene til presten, til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet.

24. Presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og presten skal svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.

25. Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

26. Presten skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,

27. og med høgre peikefingeren skal presten skvetta litt av oljen som han har i den venstre handa, sju gonger for Herrens andlet.

28. Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, på dei stadene der blodet av skuldofferet er.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14