Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Presten skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirkar som er fylt med friskt vatn.

6. Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og dyppa alt saman, også den levande fuglen, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet,

7. og skvetta det sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Slik skal han reinsa han. Så skal han sleppa den levande fuglen fri på open mark.

8. Den som skal reinsast, skal vaska kleda sine, barbera av seg alt håret og bada. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar.

9. På den sjuande dagen skal han barbera alt håret sitt, hovudet, skjegget og augnebryna, alt håret skal han barbera av seg. Og han skal vaska kleda sine og seg sjølv i vatn. Då er han rein.

10. Den åttande dagen skal han ta to feilfrie vêrlam og eit årsgammalt, feilfritt holam og til grødeoffer tre tiandedels mål fint mjøl blanda med olje, og så ein log olje.

11. Presten som står for reinsinga, skal føra den som skal reinsast og offergåvene hans fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen.

12. Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet.

13. Han skal slakta lammet på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For det er med skuldofferet som med syndofferet: Det høyrer presten til. Det er høgheilagt.

14. Presten skal ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

15. Presten skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,

16. dyppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens andlet.

17. Noko av den oljen som er att i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.

18. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet.

19. Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som skal reinsast for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet.

20. Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14