Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:46-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

46. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.

47. Den som legg seg ned i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine.

48. Men om presten kjem og undersøkjer huset og soppåtaket ikkje har breidd seg i huset etter at det vart pussa, då skal presten slå fast at huset er reint. For soppsjukdomen er lækt.

49. For å reinsa huset skal han ta to fuglar, sedertre, karmosinraud ull og isop.

50. Den eine fuglen skal han slakta over eit leirkar som er fylt med friskt vatn.

51. Så skal han ta sedertreet, isopen, den karmosinraude ulla og den levande fuglen og dyppa det i blodet av den fuglen som er slakta, og i det friske vatnet og skvetta på huset sju gonger.

52. Når han på denne måten har reinsa huset for synd med fugleblodet, det friske vatnet, den levande fuglen, sedertreet, isopen og den karmosinraude ulla,

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14