Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:33-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Herren sa til Moses og Aron:

34. Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom,

35. då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.»

36. Då skal presten setja dei til å rydda huset før han sjølv kjem og undersøkjer soppåtaket, så ikkje alt det som er i huset, blir ureint. Etterpå kan presten koma og undersøkja huset.

37. Han skal undersøkja åtaket. Dersom husveggene som er ramma, har grønvorne eller raudvorne søkk og overflata på dei ligg djupare enn veggen,

38. då skal presten gå ut or huset, til inngangen til huset, og stengja huset for sju dagar.

39. Den sjuande dagen skal presten koma att og undersøkja det. Dersom åtaket med sopp har breidd seg på husveggene,

40. skal presten setja folk til å bryta ut dei steinane som er ramma, og kasta dei utanfor byen, på ein urein stad.

41. Dei skal skrapa huset ned innvendes, heilt rundt, og murpussen som dei har skrapa av, skal dei kasta utanfor byen, på ein urein stad.

42. Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny mørtel og pussa huset med.

43. Blir huset ramma på nytt etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa,

44. skal presten koma og undersøkja det. Har åtaket då breidd seg på huset, er det tærande sjukdom på det. Då er det ureint.

45. Huset skal rivast, både steinane, treverket og all murpussen, og førast ut or byen til ein urein stad.

46. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14