Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:26-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Presten skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,

27. og med høgre peikefingeren skal presten skvetta litt av oljen som han har i den venstre handa, sju gonger for Herrens andlet.

28. Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, på dei stadene der blodet av skuldofferet er.

29. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens andlet.

30. Så skal han gjera i stand den eine av turtelduene eller dueungane, etter som han har råd til,

31. den eine som syndoffer og den andre som brennoffer, etter som han har råd til, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som skal reinsast, for Herrens andlet.

32. Dette er den lova de skal følgja når den som har dårleg råd, er ramma av hudsjukdom og skal reinsast.

33. Herren sa til Moses og Aron:

34. Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom,

35. då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.»

36. Då skal presten setja dei til å rydda huset før han sjølv kjem og undersøkjer soppåtaket, så ikkje alt det som er i huset, blir ureint. Etterpå kan presten koma og undersøkja huset.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14