Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Dette er lova om reinsingsdagen for den som er ramma av hudsjukdom: Han skal førast til presten,

3. og presten skal gå ut av leiren og undersøkja han. Dersom den som er ramma av sjukdomen, har vorte lækt,

4. skal presten få nokon til å henta to levande, reine fuglar, litt sedertre, karmosinraud ull og isop til reinsinga av han.

5. Presten skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirkar som er fylt med friskt vatn.

6. Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og dyppa alt saman, også den levande fuglen, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet,

7. og skvetta det sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Slik skal han reinsa han. Så skal han sleppa den levande fuglen fri på open mark.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14