Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 12:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Sei til israelittane: Når ei kvinne er med barn og føder ein gut, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som menstruasjonsdagane sine.

3. Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort.

4. Kvinna skal venta i trettitre dagar medan blodet hennar blir reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane er over.

5. Dersom ho føder ei jente, er ho urein i to veker, som ved menstruasjon. Og ho skal venta i sekstiseks dagar medan blodet hennar blir reinsa.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 12