Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 1:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren ropa på Moses og tala til han frå teltheilagdomen:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon hos dykk ber fram eit offer for Herren, skal de ta det frå buskapen, anten av storfeet eller av småfeet.

3. Dersom det er eit brennoffer av storfeet, skal han bera fram eit hanndyr utan feil. Han skal ofra det framfor inngangen til teltheilagdomen, så han kan vinna velvilje for Herrens andlet.

4. Han skal leggja handa på hovudet til brennofferet, så det kan takast imot med velvilje og gjera soning for han.

5. Så skal han slakta oksen for Herrens andlet, og Arons søner, prestane, skal bera fram blodet og stenka det rundt om på altaret ved inngangen til teltheilagdomen.

6. Sidan skal han flå brennofferet og dela det opp i stykke.

7. Arons søner, prestane, skal tenna opp eld på altaret og leggja ved på elden.

8. Dei skal leggja ut kjøtstykka, hovudet og feittet på veden som er lagd på altarelden.

9. Innvolane og skankane skal vaskast i vatn, og så skal presten la alt gå opp i røyk på altaret som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 1