Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 8:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.

6. David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7. David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8. Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.

9. Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,

10. sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig med To'i. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og bronse.

11. Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folkeslaga han hadde lagt under seg,

12. frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 8