Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 8:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. David vann over moabittane òg. Han baud dei leggja seg ned på jorda, og så målte han dei med ei snor. Han målte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Moabittane vart Davids slavar og laut betala skatt.

3. Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat.

4. David tok frå han 1700 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men 100 hestar sparte han.

5. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.

6. David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7. David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8. Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 8