Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 8:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok Meteg-Amma frå dei.

2. David vann over moabittane òg. Han baud dei leggja seg ned på jorda, og så målte han dei med ei snor. Han målte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Moabittane vart Davids slavar og laut betala skatt.

3. Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 8