Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 7:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. No skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren over hærskarane: Eg henta deg frå beitemarka der du følgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

9. Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda.

10. Eg vil stella til ein bustad for Israel, folket mitt, og planta det der. Dei skal få bu der og aldri bli uroa meir. Ugjerningsmenn skal ikkje lenger plaga dei som i gamle dagar,

11. som det var på den tida eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og gav deg fred for alle fiendane dine. No kunngjer Herren at han vil byggja eit hus for deg.

12. Når dine dagar er til ende og du kviler hos fedrane dine, vil eg reisa opp din etterkomar, ein av ditt eige kjøt og blod, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans.

13. Han skal byggja eit hus for namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.

14. Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Når han gjer det som vondt er, vil eg straffa han med stokk og slag frå menneske.

15. Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.

16. Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.

17. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

18. Då gjekk kong David inn og sette seg framfor Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt?

19. Og endå var dette for lite i dine auge, Herre Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud.

20. Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.

21. For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.

22. Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med eigne øyre.

23. Kven er som folket ditt, som Israel? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til for å fria ut og gjera til sitt eige. Han skapte seg eit namn og gjorde store og skremmande gjerningar for dykk – og for landet ditt. Du fria folket ditt ut av Egypt, frå folka og gudane deira.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 7