Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 7:25-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Lat no, Herre Gud, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt!

26. Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane er Gud over Israel. Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet.

27. For du, Herre over hærskarane, Israels Gud, har openberra dette for tenaren din: «Eg vil byggja eit hus for deg.» Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.

28. Herre Gud, du er då Gud, og dine ord er sanning. Du har gjeve tenaren din denne gode lovnaden.

29. Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må bli ståande for ditt andlet. For du, Herre Gud, har tala. Med di velsigning vil huset til tenaren din vera velsigna til evig tid.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 7