Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 7:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kongen budde no i huset sitt, og Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt omkring.

2. Ein dag sa kongen til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.»

3. Natan svara kongen: «Gjer alt som ligg deg på hjartet, for Herren er med deg!»

4. Same natta kom Herrens ord til Natan:

5. Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus for meg til å bu i?

6. Eg har då ikkje budd i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt og til denne dag. Eg har vandra omkring med eit telt til bustad.

7. Eg vandra ikring med israelittane og hovdingane over Israels stammar, som eg sette til å vakta Israel, folket mitt. Sa eg nokon gong til ein av dei: «Kvifor har ikkje de bygd eit hus av sedertre for meg?»

8. No skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren over hærskarane: Eg henta deg frå beitemarka der du følgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

9. Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda.

10. Eg vil stella til ein bustad for Israel, folket mitt, og planta det der. Dei skal få bu der og aldri bli uroa meir. Ugjerningsmenn skal ikkje lenger plaga dei som i gamle dagar,

11. som det var på den tida eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og gav deg fred for alle fiendane dine. No kunngjer Herren at han vil byggja eit hus for deg.

12. Når dine dagar er til ende og du kviler hos fedrane dine, vil eg reisa opp din etterkomar, ein av ditt eige kjøt og blod, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans.

13. Han skal byggja eit hus for namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 7