Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 5:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Elisjama, Eljada og Elifelet.

17. Då filistrane fekk høyra at David var salva til konge over Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ned til borga.

18. Filistrane kom og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.

19. Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara David: «Dra opp! Eg vil gje filistrane i dine hender.»

20. Så drog David til Baal-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer føre meg, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei denne staden Baal-Perasim.

21. Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.

22. Men filistrane drog igjen opp og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.

23. Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Gå rundt og bak dei, så kjem du på dei midt framfor baka-trea.

24. Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, så gjer deg klar! For då dreg Herren ut framfor deg for å slå filistarhæren.»

25. David gjorde som Herren hadde sagt han. Han slo filistrane og forfølgde dei frå Geba og nesten til Geser.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 5