Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 4:8-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»

9. Men David svara Rekab og Baana, bror hans, sønene til Rimmon frå Beerot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

10. Den mannen som kom til meg og melde at Saul var død, meinte sjølv at han kom med eit gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag. Det var løna eg gav han for gledebodet!

11. Kva no, når lovlause har drepe ein uskuldig mann i hans eige hus og hans eiga seng? Skulle eg ikkje då krevja hans blod av dykkar hand og rydda dykk ut frå jorda?»

12. Så gav David nokre unge menn ordre om å drepa Rimmon-sønene. Dei hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet av Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 4