Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 4:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mista livet i Hebron, mista han motet, og heile Israel vart gripne av redsle.

2. Son til Saul hadde to menn i tenesta si som førte flokkar på plyndringstokt. Den eine heitte Baana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Beerot og høyrde til Benjamin-stammen. For Beerot vart òg rekna til Benjamin.

3. Folket i Beerot hadde flykta til Gittajim, og der har dei budd som innflyttarar til denne dag.

4. Jonatan, son til Saul, hadde ein son som hadde ein skade i føtene. Han var fem år gammal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisreel. Fostermora tok han med seg og flykta i all hast, men under flukta fall han ned og vart halt. Han heitte Mefibosjet.

5. Då tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var på det heitaste og han låg og kvilte middag.

6. Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, så Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi.

7. Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg på senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og så gjekk dei heile natta over Araba-sletta.

8. Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 4