Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 3:6-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så lenge kampen mellom Sauls hus og Davids hus stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls hus.

7. No hadde Saul hatt ei følgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Isjbosjet sa til Abner: «Kvifor har du vore saman med følgjekona til far min?»

8. Abner vart brennande harm over det Isjbosjet sa. «Er eg eit hundehovud frå Juda?» sa han. «Den dag i dag gjer eg godt mot huset til Saul, far din, mot slektningane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap på grunn av denne kvinna!

9. Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer slik mot David som Herren med eid har lova han.

10. Eg vil ta kongedømet frå Sauls hus og reisa Davids kongsstol over Israel og Juda, frå Dan til Beer-Sjeba.»

11. Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han for Abner.

12. Abner sende nokre bodberarar til David i sin stad. Dei skulle seia: «Kven er det landet høyrer til? Gjer ei pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel over på di side.»

13. David svara: «Godt, eg skal gjera pakt med deg. Berre éin ting krev eg av deg: Syn deg ikkje for mine auge utan at du har med deg Mikal, dotter til Saul, når du kjem.»

14. David sende bodberarar til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med forhudene av hundre filistrar.»

15. Isjbosjet sende då bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.

16. Mannen følgde med. Han gjekk gråtande bakom henne heilt til dei kom til Bahurim. Der sa Abner til han: «Gå heim att!» Då snudde Paltiel.

17. Abner tala med dei eldste i Israel og sa: «Fleire gonger har de prøvd å få David til konge.

18. Gjer no alvor av det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga mitt folk Israel frå filistrane og alle dei andre fiendane deira.»

19. Abner tala òg med benjaminittane. Så drog han til Hebron og ville fortelja David alt det som israelittane og alle benjaminittane hadde vedteke.

20. Då Abner kom til David i Hebron med eit følgje på tjue mann, heldt David ein fest for han og mennene som var med han.

21. Abner sa til David: «No vil eg ta i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så vil dei gjera ei pakt med deg, og du kan vera konge over heile det riket du ønskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog bort i fred.

22. På same tid kom Davids menn og Joab heim frå eit plyndringstokt, og dei hadde eit stort hærfang med seg. Abner var ikkje lenger hos David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege bort i fred.

23. Då Joab var vel heime med heile hæren, kom det nokre og sa til han: «Abner, son til Ner, kom til kongen, og han lét han fara bort i fred.»

24. Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva har du gjort? Når Abner kjem til deg, lèt du han då fara sin veg?

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 3