Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 3:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til kong Talmai i Gesjur.

4. Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital.

5. Den sjette var Jitream, son til Davids kone Egla. Desse sønene fekk David medan han budde i Hebron.

6. Så lenge kampen mellom Sauls hus og Davids hus stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls hus.

7. No hadde Saul hatt ei følgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Isjbosjet sa til Abner: «Kvifor har du vore saman med følgjekona til far min?»

8. Abner vart brennande harm over det Isjbosjet sa. «Er eg eit hundehovud frå Juda?» sa han. «Den dag i dag gjer eg godt mot huset til Saul, far din, mot slektningane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap på grunn av denne kvinna!

9. Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer slik mot David som Herren med eid har lova han.

10. Eg vil ta kongedømet frå Sauls hus og reisa Davids kongsstol over Israel og Juda, frå Dan til Beer-Sjeba.»

11. Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han for Abner.

12. Abner sende nokre bodberarar til David i sin stad. Dei skulle seia: «Kven er det landet høyrer til? Gjer ei pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel over på di side.»

13. David svara: «Godt, eg skal gjera pakt med deg. Berre éin ting krev eg av deg: Syn deg ikkje for mine auge utan at du har med deg Mikal, dotter til Saul, når du kjem.»

14. David sende bodberarar til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med forhudene av hundre filistrar.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 3