Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 24:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»

15. Då lét Herren pesten koma over Israel. Pesten varte frå morgonen og til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Beer-Sjeba.

16. Men då engelen rette handa ut mot Jerusalem for å øydeleggja byen, angra Herren det vonde. Han sa til engelen som herja mellom folket: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Aravna. {{Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Dei eldste kasta seg då til jorda, kledde i sekkestrie.}}

17. Då David fekk sjå engelen som slo ned folket, sa han til Herren: «Det er eg som har synda; det er eg som har bore meg ille åt. Men desse, som eg er gjetar for, kva vondt har dei gjort? Lat heller handa di ramma meg og huset til far min.»

18. Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp og reis eit altar for Herren på treskjevollen til jebusitten Aravna!»

19. Så gjekk David dit opp, som Herren hadde pålagt han gjennom Gad.

20. Då Aravna såg nedover, fekk han auge på kongen og tenarane hans, som kom mot han. Aravna gjekk ut og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda.

21. Aravna spurde: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så pesten kan halda opp å herja i folket.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 24